
Lett snøing i lufta
Vel møtt til søndagen og deg! I dag er det -4, vindstilt og lett snøing i lufta😊. Ein god dag for skileik. Nypreppa deilige bakkar sjølvsagt, langrenn vert preppa til kl. 11.00. Dalalåven er open 10.00-16.00. Mykje godt på menyen (føl dei gjerne på Facebook). Me har fast aktivitet og snømoro for born kvar søndag kl. 13.00 i Toyotatrekket. I dag er det Hinderløype som står på planen. Vel møtt til ein flott dag, me gledar oss til å sjå deg!