Vinterferie veke 8 og 9
Velkommen til Jølster Skisenter i vinterferien! Opplev ekte skiglede for deg og familien!
Våre opningstider:
Veke 8
Mandag: kl. 10.30 - 16.30 og 18.00 - 21.00
Tysdag: kl. 10.30 - 16.30 og 18.00 - 21.00
Onsdag: kl. 10.30 - 16.30 og 18.00 - 21.00
Torsdag: kl. 10.30 - 16.30 og 18.00 - 21.00
Fredag: kl. 10.30 - 16.30 og 18.00 - 21.00
Laurdag: kl 10.30 - 16.30
Søndag: kl 10.30 - 16.30
Veke 9
Mandag: Stengt
Tysdag: kl. 10.30 - 16.30 og 18.00 - 21.00
Onsdag Stengt
Torsdag kl. 10.30 - 16.30 og 18.00 - 21.00
Fredag: kl. 10.30 - 16.30 og 18.00 - 21.00
Laurdag kl 10.30 - 16.30
Søndag kl 10.30 - 16.30
Skap gode minner saman med familien i Jølster. Her kan du benytte deg av gratis nybyrjar og barneskitrekk, eller du kan ta skitrekket nesten til topps. og boltre deg i flotte løyper med utsikt over jølstravatnet og flotte fjell. Her finn du parkområde for dei som likar å utfordre seg med luftige svev. For dei minste lagar vi løyper og små hopp og moro! Her kan du boltre deg i flotte preparete løyper og store friøyringsområder. Vi har varmestove og kafè og fyrer opp i bålpannene ute. Ta gjerne med deg sitteunderlag, pølser og kakao og nyt lunsjen ute!
Aktivitetar
Skisprell med Melanie
Søndag 15. februar ca. kl. 14
Melanie frå Sogn og Fjordane Skikrins kjem til Jølster Skisenter og lagar Skisprell med leik og moro for dei minste i Hauglandsheisen! Gratis for alle å delta!
Fotokonkurranse
Vi arrangerer uformell fotokonkurranse iløpet av vinterferien der du kan tagge oss på sosiale medier og vinne flotte premiar!
2 dagar med FIS-renn i Jølster
Bli med å sjå dei kommande skistjernene konkurrere i Jølster Skisenter. Renna vil føregå 14. og 15. februar frå morgonen til ca. kl. 13 i nederste del av skianlegget Bjørkelibakken. Det vil vere ope for alle og heile øvre del vil vere løypefri.
Skileik i barnebakken
Utfordre deg sjølv, og ta med ein ven eller familien i skileikløype med hopp i barnebakken.
Heiskort
Kjøp heiskort på nett og spar tid og reis rett i bakken!
Besøk oss på www.jolsterskisenter.no for meir informasjon!