
Onsdag 24 februar
Onsdag morgen snøar det kraftig i fjellet, regn og sludd nede. Snøgrensa ligg omtrent ved skoggrensa. Kl.6.30 var det -1 frisk bris og 28 cm nysnø på topp Kari Traa trekket, 14 cm våt snø nede i Vetlebotn. Alle heisar forutan Storhaugekspressen er opne til kl.16.00 og det vert desverre ingen kveldskøyring i kveld. Alle serveringsplassar er opne for servering og Tunet Pizza er open til kl. 21.00. Gratis skibuss kl.10 frå Voss med retur kl.15.40. Minnar om anbefaling om å bruka munnbind dersom ein ikkje greier å halda tilstrekkeleg avstand. Velkomen i Myrkdalen