
TUSEN TAKK for ein strålande sesongavslutning i dag og ein strålende sesong 2022/23
Ein sesong som gav rekord-besøk både i vinterferien og i påska👏👏
Til og med siste dag for sesongen opplevde vi å få besøk av folk som aldri hadde køyrd slalåm før. Og dei trivdes og smilte om kapp med sola🤩
Vi seier hjarteleg takk til alle kjekke gjester, heile staben av flinke frivillige og alle sponsorane våre som alle gir viktige bidrag til drifta vår.
Tusen takk til dei som har stått på tidleg og seint og laga gode nedfarter og fine langrennsspor.
No er håpet vårt å kunne gjere anlegget endå betre til neste sesong. Og kanskje vil endå fleire vere med som frivillige neste år?
Det er kjekt å vere med i «storfamilien» som driftar Hornindal Skisenter👌🥰
God vår og sommar til dykk alle! Plutseleg sjåast vi i bakken igjen⛷😊