Fornying av snøproduksjonsanlegget.
Mens vi ventar på vinteren forenklar og fornyar vi snøproduksjonsanlegget!
Dugnadsgjengen har dei siste vekene brukt både dagar og kveldar med å bytte rør og sette inn nye kummar i snøproduksjonsanlegget i hovudtraseen. Rørgata var var lagt ned på slutten av nitti- talet og er moden for utskifting, og dei nye kummane vil føre til mykje lettare arbeidsforhold og meir effektiv produksjon.
Dette er ein del av eit større spelemiddelprosjekt med ei kostnadsramme på i overkant av kr 8 mill, som skal vere ferdig neste sommar. Prosjektet omfatter også rehabilitering av traseen og fornying av flomlyset med bytte til led-belysning.