Søndag, 15.03.2026
God sundag!
I går fekk vi mykje skryt for kjempegode forhold i alpinbakken og i langrennsløypene. Dette er svært hyggeleg å høyre, og vit at vi gjer alt vi kan for optimale forhold.
I dag er det overskya med litt solglimt, lite vind, og det er òg meldt sno utover kvelden.
Brokke Alpinsenter har ope klokka 10–16, og kafé og skiutleige har same opningstid. Vi minner om at stolheisen ikkje går denne helga på grunn av mangel på ein reservedel, men T-trekket tek deg heilt til toppen 🙂
Løypekøyrar Uppstad har vore tidleg ute og køyrt opp mykje av løypenettet. Du finn detaljar om kva løyper som er oppkøyrde på nettsida vår, Brokke.com.
Vi ønskjer alle ein god sundag. ❄️⛷️